Ti ting du kanskje ikkje veit om bananar

Veit du at ei banan eigentleg er eit bær? Eller at å ete ei banan kan få deg i betre humør?

Godt.no har samla ti kule fakta om bananer:

Banan er faktisk frukta vi et mest av. Faktisk så et kvar nordmann rundt 17 kilo kvart år, ifølgje Opplysningskontoret for frukt og grønt.

Å spise ei banan kan lette på humøret. Bananar er den einaste frukta som inneheld aminosyra tryptofan og vitamin B6 som saman hjelp kroppen å produsere signalstoffet serotonin. Det gjer oss glade!

Bananar vert hausta før dei blir modne og så kjem dei til Europa i kjølerom. Til slutt vert dei modna i eigne bananmodneri før dei kjem for sal i butikkar.

Har du kjøpt umodne, grøne bananar? Legg dei i ein pose med eit eple.

Bananplanter er eigentleg ein gjeng med kloner. Det heile starta då nokon snubla over eit banantre med ein mutasjon for over 10.000 år siden. Det tyder at det var ein feil på treet. Difor kom det frukt utan frø inni, og det vart planta stiklingar av det muterte treet. Slik at det heldt fram heilt til i dag.

Dei fleste bananar som vert solgt i dag er av typen Cavendish. Det er den gule varianten vi har her i Norge. Men det finst også raude bananar og grøne kokebananar.

Botanisk er banan faktisk eit bær, men i Noreg blir den sett på som frukt.

Banan inneheld 75 prosent vatn.

Bananskal er ikkje berre søppel. Den naturlege olja i skalet kan hjelpe å fjerne blekk frå ein penn på hendene. Skalet kan også nyttast til å pusse sko, og om myggstikket klør kan du gni inn stikket med innsida av bananskalet.

Over tolv millionar menneske har sett «How to Peel a Banana Like a Monkey» på YouTube. Mange skreller automatisk ei banan frå stilken, men det er faktisk meir naturleg å skrelle frå andre sida. Då kan du nemleg nytte den hanken til å halde i.