Barnas Valg-Stian vart tv-stjerne som 13-åring

I dag lærer Stian Barsnes-Simonsen barn om politikk og demokrati, men då han sjølv var eit barn så var han på TV!

Stian Barsnes-Simonsen var berre 13 år gammal då han fekk sin aller første TV-jobb. Då skulle han vere ein av programleiarane i eit ungdomsprogram som heitte og som gjekk på NRK.

Sidan den gong har han berre vore meir og meir på TV. Du har kanskje sett han som programleiar i MGP Junior? Stian fortel at heilt sidan han var liten har han hatt lyst til å verte programleiar.

– Om eg ikkje hadde hatt flaks og fått rolla i Hotel Cæsar hadde eg nok uansett jobba beinhardt for å verte programleiar, seier han.

Superkjendis

Då Stian var 19 år, var han så heldig å få jobb som skodespelar i såpeserien Hotel Cæsar. Stian spelte ei av hovudrollene, ein karakter som heitte Henning, og nesten heile Noreg følgde med på serien.

Stian Barsnes-Simonsen spelte karakteren Henning i Hotel Cæsar. Foto: TV 2

På same tid vart Stian kjærast med ei jente som heitte Lene, og han vart plutseleg kjendis.

– Ho var popstjerne og endå meir kjent enn meg, noko som gjorde at livet vart snudd ganske på hovudet, samanlikna med korleis det var då eg gjekk på vidaregåande året før. Det var ei ganske magisk og rar tid som eg er veldig glad for at eg fekk oppleve.

Evig optimist

Stian Barsnes-Simonsen er så heldig at han er fødd evig optimist. Han fortel at han alltid har hatt ei kjensle av at «dette kjem til å gå skikkeleg bra», noko han trur er litt av grunnen til at det stort sett har gått skikkeleg bra òg.

Den beste eigenskapen han hadde då han var yngre, er at han var veldig klar over at du må nyte dei gode tinga som skjer med deg, for plutseleg kan dei forsvinne:

– Det er eg veldig glad eg tenkte, for det gjorde at eg sette pris på alt heile tida. Moroa varte mykje lenger enn eg nokon gong hadde våga å håpe på. Faktisk fortset det på ein måte endå.