Katastrofal oljelekkasje i California

Minst 572.000 liter olje har leke ut i havet.

Bergingsmannskap jobbar på spreng med å dempa skadane frå lekkasjen før den spreier seg til dei verna våtmarksområda ved Huntington Beach.

Stanken av olja ligg over området, og stadig meir død fisk og fugl blir skylt i land på stranda, skriv VG.

Det er ein øydelagt røyrleidning knytt til oljeplattforma Elly utanfor kysten som er årsaka til miljøkatastrofen.