Mållaget vil at kongen skal tala på nynorsk

Mållaget vil at Kongehuset skal byrja å halda talar på nynorsk. – Ingen skal påleggast å snakka eit språk som ikkje er deira, svarer Riksmålsforbundet.

Noregs Mållag foreslår at 25 prosent av talane til kongehuset bør vera på nynorsk.

– Det er kanskje ambisiøst, men det er ikkje eit urimeleg krav. Kongehuset er til for heile Noreg, og må ta i bruk heile den norske språkskatten, seier leiar i Mållaget Peder Lofnes Hauge til NRK.

Han legg til at medlemmane i kongehuset «har gått på skule og fått opplæring, «så dette trur eg dei klarer fint».

Støtta målsaka

Forslaget er ikkje utan historisk førelegg. I eit intervju med Norsk Barneblad i 1933 gav Kong Haakon si støtte til målsaka.

– Språket me snakkar og skriv er jo dansk. Det vart jo innført av danske embetsmenn, som sjølv burde ha lært norsk. I staden byrja folk å snakka dansk fordi dei trudde det var finare. Dette svekka den norske nasjonskjensla. Det er rimeleg at målreisingssaka vil gjera slutt på tanken om at dansk er finare enn norsk, sa Kong Haakon den gongen.

NRK har vore i kontakt med kongehuset, som seier følgjande:

– Me arbeidar for at 25 prosent av innhaldet på våre nettsider skal vera på nynorsk. I dag blir talane publisert på bokmål, tett opptil målføra Kongefamilien brukar.

Det var Sogn Avis som fyrst melde saka.