I denne sporten har du best sjanse som nordmann

Statistikken kan visa deg kva sport du helst bør satsa på.

Nettstaden «The Global Odds Index» har analysert den statistiske sjansen du har for å oppnå proffdraumen.

Basert på kva land du kjem frå, har dei sett på kor mange prosent toppidrettsutøverar det er i eit utval idrettar, skriv NRK.

Dei har berre tal for mannlege utøverar denne gongen, men det er sagt at dei skal ha med kvinner i neste omgang.

Les også: 20.000 born og unge har slutta med fotball

Størst sjanse for å bli proff i fotball

Statistikken viser at sporten gutar i Noreg har best sjans for å bli god i, er fotball. Det skal seiast at vintersportar som mellom anna langrenn, ikkje er med i statistikken.

Den første delen av statistikken viser kor stor del av toppidrettsutøverane i verda som kjem frå kvart enkelt land. Det vil seia at om lag 1,5 prosent av verdas toppfotballspelarar kjem frå Noreg.

Dei har også sett på kor stor sjansen er for å nå verdstoppen i ein idrett ut frå kva land du kjem frå. Viss du er ein gut som er fødd i Noreg, har dei funne ut at sjansen for å bli toppfotballspelar er 1/777. Kvar sju hundre og syttisjuande norske gut får altså proffdraumen sin oppfylt, om det er det dei vil.

Les også: Berre éin fotballspelar er verdt meir pengar enn Braut Haaland