20.000 born og unge har slutta med fotball

Noregs fotballforbund melder om at så mange som 20.000 born og unge i Noreg har slutta med fotball i korona-perioden.

Samanlikna med 2019-sesongen, er åtte prosent av laga i aldersgruppa mellom 8–19 år vekke. Dei har ikkje meldt seg opp til ein ny sesong. Det skriv NRK i ei sak. 

Idrettsforbundet er redde for kva føljer det kan ha sosialt.

Størst i Sogn og Fjordane

I Sogn og Fjordane har dei merka fråfallet frå påmeldte lag mest.

Der var 612 lag påmeldt serien i fjor, mot 392 lag i år. Dagleg leiar i NFF Sogn og Fjordane, Svein Olav Myklebust, seier til NRK at fråfallet er høgst blant yngste og eldste spelarane.

– Vi er bekymra for heile situasjonen rundt den frivillege innsatsen og aktiviteten vår. Kvardag og faste rutinar blir borte, seier han.