Då svenske elevar fekk karakterar i 6. klasse, skjedde det noko med helsa deira

Særleg jenter vart mykje meir stressa og mindre glade då dei fekk karakterar i 6. klasse.

I Noreg får elevar karakterar frå og med 8. trinn. I Sverige får alle karakterar frå 6. trinn. Skulane der kan til og med velja om dei vil gi karakterar allereie frå 4. klasse, skriv Ung.Forskning.no.

I 2011 bestemte dei svenske politikarane seg for at dei skulle innføra meir testar og karakterar i skulen. No har forskarar sett på kva dette har hatt å seia for den psykiske helsa til barna.

Auka stress

Forskninga viser at det vart nesten dobbelt så mange elevar som sa at dei ikkje treivst på skulen eller at dei vart stressa av skulearbeidet etter at dei fekk karakterar.

Det var særleg blant jenter at forskarane fann ein forskjell. I 1997 var det 23 prosent av jentene som sa at dei var stressa på grunn av skulearbeid. I 2018 var det 50 prosent som sa det same.

For gutane auka stresset frå 19 prosent til 31 prosent.

Skulestress i Noreg

Mange unge slit med psykiske helseplager, også her i Noreg. Også norske forskarar har funne at dette ofte er knytt til skulen. Jo meir skulepress unge føler, jo meir deprimerte blir dei.

Sjølv om me ikkje har fått karakterar tidlegare som i Sverige, har det vorte meir testing òg i norsk skule. Rett etter at Pisa-undersøkingane vart innførte i Noreg i 2000, vart det fleire elevar som opplevde mykje skulestress, viser forskning.

Også her i Noreg finn forskarane at dette gjeld jenter i mykje større grad enn gutar.

Forskeren Ingunn Marie Eriksen ved Oslomet seier i ein artikkel på Forskning.no at ho er bekymra over at press om karriere og arbeid startar så tidleg i livet til barn.

Dette er noko me bør diskutera, meiner ho.