Dette insektet har det kortaste livet i dyreriket

Døngfluga av arten «Dolania americana» har det svært travelt med å få til alt den skal – før den døyr.

Dei vaksne hoene av døgnfluga «Dolania americana» dukkar opp i det sørlege USA før daggry på forsommaren.

På berre ein times tid greier hoa å finna seg ein partner, para seg og leggja egga sine. Nokre klarar faktisk alt dette på fem minuttar. Når dei har gjort det dei skulle, så døyr dei.

Det gjer dei til insektet som har det kortaste livet av alle insekt på Jorda, skriv Illustrert vitenskap.

Brukar lenger tid til å finna ein partner

I motsetnad til hoa, lev dei mannlege døgnflogene litt lenger. Grunnen er at dei brukar tid på å finna seg ein partner.

Dei nyklekte hannane kan flyga rundt over elvar på leit etter ei ho, heilt til dei dett om og druknar – viss dei er så heldige at dei ikkje blir etne før den tid.

Det finnast rundt 3000 artar døgnfluger i verda. I Noreg er det registrert 48 artar, skriv Store norske leksikon.