Kina vil forby unge å spela dataspel i meir enn tre timar i veka

Kinesiske barn og unge under 18 år, får berre lov til å spela dataspel mellom klokka 20 og 21 på fredagar, i helga og på heilagdagar.

Frå no av blir det mindre dataspeling for kinesiske barn og ungdom. Nye reglar frå den kinesiske regjeringa seier at unge ikkje får lov til å spela meir enn i tre timar kvar veka, skriv NRK.

Dataspelselskap vil også bli strengt overvåka. Dei får nemleg ikkje ikkje lov til å tilby nettbaserte spel til barn og unge utanom det lovlege tidsrommet for speling.

Dei kinesiske styresmaktene har varsla at dei vil skjerpa kontrollen på desse selskapa, slik at dei ikkje bryt reglane.

Tidlegare har dei unge kinesarane hatt tilgang til nettbasertespel i tre timar på heilagdagar og halvannan time på kvardagar. No blir det altså strengare reglar enn dei som var innført i 2019.