Fleire norske medaljar i Paralympics

I dag er dei paralympiske leikane i Tokyo 2020 over, og i løpet av dei to siste vekene er mange paralympiske rekordar og verdsrekordar blitt slått.

Visste du at?
  • Omtrent 15 prosent av alle menneska i verda har ein eller annan form for funksjonsnedsetjing.
  • Paralympics er ei påminning til alle, om at det å ha ei funksjonsnedsetjing ikkje treng å vera noko negativt.
LES FAKTALUKK FAKTA

Noreg fekk to gull i roing og 100 meter, og to bronse-medaljar i bordtennis og hesteriding.

Birgit Skarstein tok Noregs første gull i Tokyo, og det tok ho i roing.

– Det var som ein draum. Det var akkurat slik som eg hadde trent på, sa ho etter at ho glei over målstreken.

Ein anna nordmann som også gjorde det svært godt i Paralympics, er Salum Kashafali. 27-åringen sprang inn til gull-medalje og ny verdsrekord med tida 10,43 under øvinga 100 meter.

– Det er surrealistisk. Du har sett for deg at du tek gullet, men er likevel veldig overraska når du kjem i mål. Eg vet ikkje korleis eg skal forklara det, eg er berre helt fantastisk glad, sa Kashafali til NRK etter sigeren.

Salum Kashafali (27) sprang inn til gull og ny verdensrekord i Paralympics. Foto: Torstein Bøe / NTB

OL for alle

Paralympics er akkurat som OL, men skilnaden er at idrettsutøvarane har ei eller anna form for funksjonsnedsetjing.

Dette kan til dømes vera muskelproblem, manglande evne til å røra på ulike kroppsdelar, tap av kroppsdelar og å vera blind. Funksjonsnedsetjingane er delt inn i 10 store grupper.

Målet med Paralympics er at idrettsutøvarar skal konkurrere med andre idrettsutøvarar som har dei same utfordringane som dei sjølv. Det kan vera vanskeleg å gjera dette rettferdig, sidan det er så mange ulike typar funksjonsnedsetjingar.

Spelarar i rullestolar konkurrerer i tennis, basketball, rugby, fekting og andre sportar.

Blinde idrettsutøvarar, eller dei med avgrensa syn, går løp, syklar, spelar fotball, judo og andre idrettar. Idrettsutøvarar med protesar deltek i aktivitetar av alle slag.