No er det paralympiske vinterleikar

Dei paralympiske vinterleikane i Pyeonchang startar fredag 9. mars. Dette er som OL, men desse leikane er for dei som har ein skade.

Birgit Skarstein skal delta med langrennspigging eller staking. Då går ho på ski, men sidan ho er lam frå livet og ned, brukar ho armane. Ho sit på ein kjelke som er tilpassa henne, og brukar armane for å stake seg i mål.

Noreg sender deltakarar i alpint, skiskyting, curling, ishockey, snowboard og langrenn.

Leikane held fram til 18. mars.

Prinsesse Märtha Louise er høgaste beskyttar for Norges Funksjonhemmede Idrettsforbund. Ho er på plass i Pyeongchang for å følgje deltakarane.