Netflix satsar på spel

Snart kan det sjå ut som du kan bruka Netflix til spela, i tillegg til å sjå på film og seriar.

Strøymetenesta Netflix bekreftar at dei kjem til å starta ei satsing på spel til neste år, i eit brev til investorar, skriv Gamer.no.

I brevet forklarar dei at satsinga enno er i startfasen. Akkurat korleis det heile skal sjå ut, og kva Netflix har sett for seg, er enno uklart.

Likevel er målet at dei skal byggja vidare på tidlegare forsøk der dei har jobba med interaktive opplevingar, som mellom anna spela som er basert på serie-favoritten Stranger Things.

Først og fremst mobilspel

Selskapet fortel likevel at det først og fremst blir fokus på mobilspel, og at spela vil vera inkludert i det vanlege Netflix-abonnementet utan ekstra kostnad.

– Sidan me nesten er eit tiår ut i satsinga vår på originalt innhald, tenkte me at tida er inne for å læra meir om kor høgt brukarane våre set spel, skriv selskapet.