Forskarar kan ha funne verdas eldste spor etter dyreliv

Ein ny studie, kan snu opp ned på oppfatninga vår om utviklinga av livet på jorda.

Eit fleirtal av forskarar har til no vore samd om at det første dyrelivet på jorda oppstod for 541 millionar år sidan. No viser ei ny forsking frå Laurentian University i Canada, at ein kan ha bomma med om lag 350 millionar år!

Nylege funn av svampaktige fossil kan nemleg gjera at me må endra verdsoppfatninga vår.

– Det ser ut til å ha eksistert dyr lenge før dei eldste dyrefossilane me har kjent til no, seier Elizabeth Turner, som står bak funnet til Nature.

– Ein stor påstand

Nokre forskarar er likevel ikkje overtydde om at funna frå Turners 890 millionar år gamle fossil, viser seg å faktisk vera ein gamal svamp. Ein av dei er Rachel Wood, som er geoforsker ved University of Edinburgh, Storbritannia.

– Dette er ein så stor påstand at me verkeleg må eliminera alle dei andre moglegheitene, seier ho.

Ho forklarar at mellom anna mikrobar, som er ein organisme som er så liten at me berre kan studera dei ved hjelp av eit mikroskop, kan produsera rare og fantastiske former. Nokre gonger kan krystallar veksa slik at det ser ut som dei er danna av levande organismar. Det betyr at prøvane Turnar fann, kan visa seg å faktisk ikkje vera fossil, meiner ho.