Send oss spørsmåla dine om klimarapporten

Klimapanelet til FN la denne veka fram den største klimarapporten som nokon gong er publisert. Rapporten varslar om meir ekstremvêr, viss menneska ikkje tek grep.

Greier me ikkje å kutta store klimautslepp raskt, vil ifølgje rapporten fleire område på jordkloden oppleva ekstrem varme, regn og flaum i tida som kjem.

Forskarane fann også ut at global oppvarming skjer raskare enn me har trudd til no, og at menneskeleg aktivitet endrar klimaet på måtar som aldri er sett før.

– Rapporten er «kode raud» for menneska, sa FNs generalsekretær António Guterres etter at rapporten vart lagt fram.

Les meir: Ny klimarapport: Varslar meir ekstremvêr over heile verda

Spørsmål om rapporten

Har du spørsmål om rapporten og kva den har å seia for oss?

Lurer du på kva du kan gjera for å bidra? Lurer du på kva politikarane gjer for at Noreg kan bli flinkare til å ta vare på jorda? Eller sit du inne med andre spørsmål?

Send oss spørsmåla dine i kommentarfeltet – så tek me dei vidare til ein ekspert som kan svara.