Erik (8) redda eit barn frå å drukna

Erik Aaby-Sættem hadde nettopp vore på livredningskurs. Åtteåringen reagerte lynraskt då han såg eit lite barn falle i vatnet ved brygga på Hvalstrand i Asker.

Det var førre veke Erik og fleire andre barn på SurfCamp skulle ut på tur i tråbåtar på Hvalstrand. Erik vart igjen på brygga fordi han var sliten, skriv NRK.

– Eg heldt på å leita etter krabbar på brygga, og så var det to barn som leika ved brygga, fortel åtteåringen.

Plutseleg høyrde han eit plask.

Den eine av dei som leika, ein liten gut på to-tre år, fall mellom to tråbåter som låg ved brygga.

– Han prøvde å halda seg fast i båten, men så høyrde eg plasket og då gjekk eg bort og heldt han i handa til mora kom bort, seier Erik til NRK.

Mora fekk heisa sonen sin opp av vatnet. Ho var svært takksam og takka Erik for hjelpa.

HELT: Campsjef Jan Terje Johansen fortel at Erik er vekas heilt på leiren. Ei utmerking dei gir ut kvart år på Surfcamp. Foto: Bjørn Erik Sættem

Reagerte raskt

Erik klarte å reagera raskt takka vera god opplæring på campen og turar med familien.

– Eg har vore på mange sjøkurs og har båt sjølv. Eg har lært at viss ein ser nokon som held på å drukna, bør ein dra opp eller halda dei fast. Også bør ein reagera kjapt og ropa om hjelp, seier han til NRK.

Hadde ikkje Erik vore der kunne det gått verkeleg gale. Det var nemleg ingen vaksne som fekk med seg hendinga og dei fleste frå leiren var i vatnet då hendinga skjedde.

– Eg veit ikkje om mora hadde oppdaga det viss eg ikkje hjelpte til, seier Erik til NRK.

I verste fall kunne den vesle guten drukna. Heldigvis gjekk det bra. Så langt i år har 51 menneske mista livet til drukning.

– Det var skummelt då det skjedde og eg vart litt redd. Ein bør hjelpa til når ein kan hjelpa til, seier Erik.

Det var lokalavisa Budstikka omtalte saka først.