Kasper, Martine og Simon har lært korleis dei kan redda liv

Sommar betyr bading, båt og moro ved vatnet. Men den kan også by på skumle situasjonar der det er nyttig å kunna livredning.

Tips til andre barn
  • Det er lurt å ha med ein venn, slik at de kan passa på kvarandre.
  • Sjekk at det er trygge omgivnader, om du skal stupa og hoppa.
  • Sjekk om det er vaksne der du er, viss noko skjer.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg har aldri vore i ein situasjon der eg har hatt bruk for det me lærte på livredningskurset, men det er veldig godt å vita at eg har lært det i forkant, seier Martine Jensen (11).

Kasper Vadel (12) og Simon Holm (12) nikkar enig.

Dei tre klassekameratane var nyleg på introkurs i livredning via Redningsselskapet i Horten. Der fekk dei både teoretisk og praktisk opplæring i livredning utandørs – der dei fleste ulukkene faktisk skjer.

Nysgjerrig: Kasper (bak i båten) har tatt introkurset og grunnkurset tidlegare, då mammaen hans jobbar i Redningsselskapet. Han fortel at han var nysgjerrig på å læra om livredning. – Eg ville vera med for å finna ut kva det var. Eg synest det er gøy, seier han. Her er han ein av passasjerane i ein mini-redningsbåt.

Symjing, sjølvberging og livredning

– Først lærte me litt teori om korleis me kan redda andre og vårt eige liv, og så gjekk me ut å gjorde det i praksis, seier Kasper.

Introkurset dei har tatt, møter kompetansemåla som er knytt til symjing, sjølvberging og livredning i læreplanen for kroppsøving i grunnskulen. Om dei vil kan dei byggja på med grunnkurs, der dei lærer enno meir.

Kasper, Martine og Simon fortel at dei var gjennom fleire øvingar på kurset.

– Me lærte korleis me kan slappa i vatnet når me blir sliten og korleis me kan flyta. Det er fleire forskjellige måtar å redda folk i vatnet på, mellom anna ved å bruka livbøyer eller ein SUP, seier Simon.

Tryggleik: Målet for introkurset i livredning er å praktisera trygg ferdsel i, på og ved vatnet. Kasper, Martine, Simon og dei andre barna fekk opplæring både i vatn og på land.