Over 200 seksuelle overgrep i idretten

Dei siste 15 åra har det vore over 200 sakar der vaksne er blitt dømt for overgrep mot barn og unge i idretten.

Dette talet viser berre dei gongane der den vaksne har fått ein dom. Det betyr at den vaksne må i fengsel for det ulovlege han eller ho har gjort mot barnet.

Ifølgje VG var 69 av dei 211 ofra under 14 år då overgrepa skjedde.

For å hindre at det skjer overgrep, er det viktig at du og alle du kjenner veit kva det er.

Me har snakka med Barneombodet om dette, og laga ei liste til deg. Opplever du overgrep, eller kjenner nokon som gjer det, ring alarmtelefonen 116 111.

  • Seksuelle overgrep er når nokon tek på puppene dine, rumpa eller tissen din, får deg til å gjere noko med sin eigen tiss, eller tar sin tiss mot din tiss, utan at du vil det.
  • Det kan vera ein vaksen, ein ungdom eller eit anna barn som utsett deg for ovegrep.
  • Sjølv om du kan oppleve at det er litt godt å bli tatt på nokre av desse plassane, er det ulovleg at ein vaksen gjer dette. Det betyr at ein vaksen kan straffast for dette.
  • Seksuelle overgrep kan både skje om du er saman med ein person på ekte, men også via internett. Eit eksempel på overgrep via internett, er om ein vaksen sender nakenbilete av seg sjølv til deg.
  • Nokon vaksne seier noko dumt vil skje viss du seier det til nokon. Til dømes at den vaksne må i fengsel, at nokon vert sinte på deg, at nokon vert skada eller døyr, eller at det er din feil. Slikt seier dei berre fordi alle vaksne veit at dette er ulovleg, så ikkje høyr på det.
  • Det finst gode og vonde løyndommar. Døme på gode løyndommar er kva du skal gi i gåve til nokon. Vonde løyndommar kan vera at du må ta på tissen til ein vaksen, at ein vaksen kosar med tissen din, eller at ein ven har fortalt deg at ein vaksen gjer dette med han.
  • Incest er når nokon i familien utsett deg for seksuelle overgrep.
  • Valdtekt er når nokon, det kan vera ein vaksen, ein ven eller andre, tvingar deg til å gjennomføre eit samleie sjølv om du ikkje vil.

(Kjelde: Barneombodet)