Dyrevernarar og svinebønder melder kvarandre til politiet

Dyrevernsorganisasjonen «Nettverk for fridommen til dyr» melder 65 svinebønder til politiet for brot på dyrevelferdslova. Samtidig melder bønder aksjonistane for innbrot på gardene deira.

Nyleg publiserte NRK ei sak med bilde og video dei har fått frå Nettverk for fridommen til dyr som mellom anna viser skadde, sjuke og døde grisar.

Bileta og videoane er tatt og filma etter at gruppa har brote seg inn hos 28 grisebønder i Noreg.

– Vi har funne lovbrot på alle gardar som vart inspiserte. Dyra har allereie eit pinleg dårleg lovverk for å verna seg. Når sjølv dei svake reglane me har blir brotne, er me nøydde til å reagera sterkt, seier Marthe Haarstad, talsperson for Nettverk for fridommen til dyr i ei pressemelding.

No melder dyrevernarane bøndene til politiet for at dei ikkje har teke godt nok vare på grisane, og bøndene melder dyrevernarane til politiet fordi dei har brote seg inn for å ta bilete på gardane deira.