Dette er berre nokre av spørsmåla du kan bryna deg på i denne kvissen.
Quiz: Kviss: Dyr og natur i Noreg
- Spørsmål 1 av 10
1.
Kva dyr blir kalla for «Skogens konge»?
Det er heilt rett! Elgen blir ofte kalla «Skogens konge».
Det var dessverre feil. Elgen blir ofte kalla «Skogens konge».
- Spørsmål 2 av 10
2.
Kva er Noregs minste fugl?
Det er heilt rett!
Fuglekongen er den minste fuglen me har i Noreg (litt rart med tanke på namnet den har fått). Fuglekongen er ein svært liten fugl som berre måler cirka 8,5–9,5 centimeter og ikkje veg meir enn enn 4,6–7,1 gram.
Det var dessverre feil.
Fuglekongen er den minste fuglen me har i Noreg (litt rart med tanke på namnet den har fått). Fuglekongen er ein svært liten fugl som berre måler cirka 8,5–9,5 centimeter og ikkje veg meir enn enn 4,6–7,1 gram.
- Spørsmål 3 av 10
3.
Kva fugl vert kalla for «havets papegøye»?
Heilt rett, det! Lundefuglen blir ofte kalla for «havets papegøye».
Det var dessverre feil. Lundefuglen blir ofte kalla for «havets papegøye».
- Spørsmål 4 av 10
4.
Kor mange bein har ein edderkopp?
Det var rett! Edderkoppen har 8 bein.
Det var dessverre feil. Edderkoppen har 8 bein.
- Spørsmål 5 av 10
5.
Kva gjer brunbjørnen om vinteren?
Det er rett! Brunbjørnen søv i hiet sitt heile vinteren. Den søv i fem til sju månader, utan å eta, drikka eller å gå på do.
Det var feil. Brunbjørnen søv i hiet sitt heile vinteren. Den søv i fem til sju månader, utan å eta, drikka eller å gå på do.
- Spørsmål 6 av 10
6.
Kor djup er Sognefjorden?
Dette visste du! Sognefjorden er 1303 meter djup på det djupaste punktet.
Dette visste du dessverre ikkje. Sognefjorden er 1303 meter djup på det djupaste punktet.
- Spørsmål 7 av 10
7.
Kor høgt er Noregs høgste fjell, Galdhøpiggen?
Det er rett! Galdhøpiggen er 2469 moh.
Nesten – men ikkje heilt rett. Galdhøpiggen er 2469 moh.
- Spørsmål 8 av 10
8.
Kva fugl er kjent for å vera den smartaste fuglen?
Det er rett! Ugla er kjent for å vera den smartaste fuglen.
Men den er ikkje spesielt klok, sjølv om den har eit rykte på seg for å vera det.
– Den ser kanskje klok ut fordi begge augene peikar framover, som dei gjer hjå oss menneske. Men det betyr ikkje at den er spesielt intelligent, seier Tom Schandy til Ung Forskning. Han har skrive bøker om ugler, og fotograferer dei ute i naturen.Det var dessverre feil. Ugla er kjent for å vera den smartaste fuglen.
Men den er ikkje spesielt klok, sjølv om den har eit rykte på seg for å vera det.
– Den ser kanskje klok ut fordi begge augene peikar framover, som dei gjer hjå oss menneske. Men det betyr ikkje at den er spesielt intelligent, seier Tom Schandy til Ung Forskning. Han har skrive bøker om ugler, og fotograferer dei ute i naturen.
- Spørsmål 9 av 10
9.
Kvar i Noreg bur moskusen?
Det stemmer! Moskusen i Noreg bur på Dovre.
Det var feil. Moskusen i Noreg bur på Dovre.
- Spørsmål 10 av 10
10.
Kor mange armar er det vanleg at ei sjøstjerne har?
Heilt rett! Sjøstjerner har som regel 5 armar.
Det var dessverre feil. Sjøstjerner har som regel 5 armar.