Neste trinn i gjenopninga av Noreg startar 27. mai – slik blir reglane for barn og unge

På torsdag startar neste trinn av gjenopninga av Noreg. Då kan skular og barnehagar gå til grønt nivå der det er lite smitte.

– Me ser at talet på sjukehusinnlagde går ned. Smittetala er stabile og 36 prosent av alle over 18 år er no vaksinerte med første dose. Vaksinasjonen går etter planen. Regjeringa meiner derfor at det er forsvarleg å gå vidare til neste trinn i gjenopninga av Noreg, sa statsminister Erna Solberg i ein pressekonferanse før helga.

Denne avgjersla er tatt etter tilrådingar frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet, skriv Regjeringa.no.

– Sjølv om me lettar på tiltaka no, må me vera forsiktige. Ein må framleis vera førebudd på at det kan vera forskjellige tiltak rundt omkring i Noreg, seier Solberg.

Dette er dei nye reglane

Frå og med førstkommande torsdag, går Noreg over i neste trinn av gjenopningsplanen. Dette er dei nye reglane, som er greitt å vita om for barn og unge.

Skular og barnehagar til grønt nivå:


– Når regjeringa opnar opp Noreg, prioriterer me barn og unge. Dei vil få mindre strenge tiltak enn dei som er vaksne. Trinn to betyr ein meir normal kvardag i mange barnehagar og skular, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

For å kunne gå over til grønt nivå, må kommunen du bur i ha hatt lite smitte over tid. Dei må også ha gode moglegheiter for å testa seg for korona og oversikt over talet på smitta. I tillegg må dei ha ein god plan for å raskt kunne endra tilbake til gult eller raudt nivå, om det skulle vera behov for det.

Fritidsaktivitetar: 


Barn og unge under 20 år kan trena og delta på idretts-, kultur- og fritidsaktivitetar. Tilrådinga om å halda ein meters avstand fell bort, når det er naudsynt for å driva med aktiviteten.

Dersom barnet trenar eller øver med eit lag frå ein anna kommune, vil dei kunne vera med dette laget så lenge smittesituasjonen på staden er under kontroll.

Lag frå små kommunar som ikkje har motstandarar i kommunen dei kjem frå, kan reisa til nabokommunen for å konkurrera om det er same smittenivå i desse to kommunane.

Reiser: 


Det er framleis tilrådd å ikkje reisa til utlandet. Men no opnar regjeringa for at det er mindre problematisk å reisa i Noreg. Dersom du bur ein stad med mykje smitte, må du vera forsiktig om du reiser til ein stad med mindre smitte.

Dei som reiser til stader i landet med mindre strenge tiltak enn der dei kjem frå, bør oppføra seg som dei er heima, der det er strengare.

Arrangementer: 


Det kan vera inntil 100 personar på innandørs arrangement som samlar deltakarar under 20 år, som høyrer til den same kommunen. Eit eksempel på dette er ein handballkamp.

På offentlege innandørsarrangement, utan fast sitteplass, aukar talet frå 10 til 50 personar.

På private samankomstar, som ikkje skjer heime hos nokon, aukar talet på menneske ein kan vera samla frå 10 til 20 innandørs og frå 20 til 30 ute. Dette er for eksempel når nokon har leigd eit lokale for å arrangera ein bursdagsfest.

Heima aukar talet på folk ein kan ha på besøk frå fem til ti, så lenge dei kan halda ein meters avstand.