Eurovision-vinnar har korona – må avlysa opptreden

Eurovision-vinnaren frå i fjor må oppleva finalen i frå heimen. Grunnen? Han har vore uheldig og fått korona.

Koronaviruset skapar problem for Eurovision Song Contest, der finalen går av stabelen førstkommande laurdag.

Onsdag vart det kjent at Island sitt bidrag til konkurransen ikkje får opptre, då ein i bandet har testa positivt for koronaviruset. I staden må dei bruka eit opptak frå sist veke, både i semifinalen og i finalen, dersom dei går vidare frå førstnemnde, skriv VG.

Får framleis vera med – i ei anna form

I tillegg til har fjorårets vinnar no fått påvist korona. Det melder NRK.

Duncan Laurence, som vann Eurovision i 2019, skulle eigentleg framføra vinnarlåta «Arcade» under finalen på laurdag. No vert han hindra frå å vera med i showet i fysisk form.

Han skal likevel vera med i finalen, men korleis veit me ikkje enno.