Playstation og Discord startar samarbeid

Playstation vil gjera noko med korleis brukarane deira snakkar saman – no er det klart at dei skal samarbeida med Discord.

Discord er ein spelchatteteneste, som mange ser på som den beste staden for å snakka med andre, medan ein gamar.

Denne veka vart det kjend at dei og Playstation skal starta eit samarbeid, då Sony gjekk ut og sa at dei har kjøpt seg inn i Discord. Det betyr at Sony får ein liten eigarandel, og blir partner i bedrifta, skriv gamer.no.

Frå byrjinga av 2022

Det er ikkje så mange detaljar tilgjengeleg enno, men det vil truleg bli mogleg å lasta ned Discord på Playstation-konsollane. Spelarane skal slik ha moglegheit til å bruka tenesta til å snakka med andre spelarar, grupper og vener.

– Vårt mål er å få Discord og PlayStation-opplevingane nærare saman på konsollar og mobiltelefonar frå og med byrjinga av 2022, fortel PlayStation-sjef Jim Ryan i ei pressemelding.

Det kjem til å koma meir informasjon i løpet av dei neste månadane.