Slik er det å ta koronatest: – Sjølv om det er litt ekkelt, er det veldig viktig å gjera det

Lurer du på korleis det er å ta koronatest? Om det gjer vondt, er ekkelt eller ubehageleg? Me har tatt testen – og ein prat med ein smittevernlege.

Smittevernlege: Leiv Erik Husabø er smittevernlege i Sogndal kommune. Her svarar han på spørsmål om korleis det er å ta ein koronatest. Foto: Privat

Leiv Erik Husabø er smittevernlege i Sogndal kommune. Han er etter kvart godt vant til å behandla koronatestar, og totalt har kommunen i Sogn hatt 73 smittetilfelle.

Han fortel at han håpar at det held fram slik – med låge smittetal. Har du lurt på korleis det er å ta ein koronatest? Om det er vondt, ekkelt eller tek lang tid?

Me har tatt oss ein prat med han, for å finne ut alt du treng å vita!

Korleis tek de ein korona-test?

– Det varierar litt, men mange plassar vert testen tatt utandørs. Sjukepleiaren som tek testen kler seg opp i fullt smittevernutsyr, slik at dei unngår å bli smitta. Dei fleste pasientane har bestilt time og får eit tidspunkt dei kan møta opp.

–  På sjølve testen får pasienten ein vattpinne ned i halsen, og så vert den same pinnen ført opp i nasen. Det vert gjort på ein skånsom måte, så det skal ikkje vera vondt.

Kor langt inn i nasen og munnen må de for å gjera testen skikkeleg?

– Viss du gaper og ser deg sjølv i spegelen, ser du drøvelen din. Når me tek testen i munnen, tek me prøvar bak til drøvelen. I nasen tek me prøvar langt bak som me kjem med pinnen.

Korleis pleier pasientane som tek testen å reagera? Er det nokon som spyr?

– Det er veldig sjeldan at nokon spyr av testen. Men eg veit at det er nokon som gruar seg voldsomt. Då er det viktig å tenkja på at det er kortvarig – når du er ferdig, er du ferdig.

Kva skjer med testen etter at den er tatt frå nasen og munnen til pasienten?

– Då pakkar me den inn eit glas, som har namnet og fødselsdatoen til pasienten. Glaset blir levert til posten, som køyrer den til sjukehuset som sjekkar om det er koronavirus i prøven. Det er store maskiner som leitar etter, og analyserer testane på sjukehusa.
– Her hjå oss får pasienten som regel svar innan eit døger om testen er negativ eller positiv. I byane kan det gå ned til 4–5 timar før svaret kjem.

Korleis veit de om det er mutantvirus eller ikkje?

– Viss testen viser seg å vera positiv, blir den sendt vidare for alanysar. Hjå oss går prøvane først til Førde. Dei som er positive vert sendt til Bergen for analysar om det er mutantvirus eller ikkje.

– På sjukehuset i Bergen har dei antistoffar på mutantviruset, som dei kan testa det mot. Det kan ta 2–3 dagar før me veit om det er mutantvirus eller ikkje.

Kvifor er det viktig å testa seg?

– Viss me ikkje testar, vil dei som er smitta gå rundt og smitta andre. Det er veldig viktig å finna dei som er sjuke, slik at me kan seia at dei må vera heima. Slik stoppar me at smitten brer seg.

Kva vil du seia til dei som synest det er skummelt å ta test?

– Myke er skummelt fordi me ikkje har gjort det før. Me må tenka på at det kan bli så mykje verre om me ikkje testar oss. Du kan smitta folk i klassen, venner og besteforeldre.

– Det blir som å vera redd for å borra i tanna hjå tannlegen – det blir verre om du ikkje gjer det. Sjølv om det er litt ekkelt å ta testen, er det veldig viktig å gjera det.