Har oppdaga ein ny, skremmande edderkopp

Tilsette i Miami Zoo i Florida, USA, har vore med på å oppdaga ein heilt ny edderkopp. Dei fann den i nærleiken av dyreparken.

BBC skriv at det tok fleire år før ekspertar oppdaga at det var snakk om ein heilt ny rase.

Edderkoppen vart først oppdaga av ein tilsett i 2012, og det førte til diskusjon innad i parken om kva type edderkopp det kunne vera snakk om. Den viste seg nemleg å ikkje likna på andre edderkoppar dei hadde sett i området.

Fleire år seinare vart ein tilsvarande edderkopp funnen, og dei tilsette fekk kontakt med Dr. Rebecca Godwin som er ekspert på edderkoppar.

Ein heilt ny art

Etter at ho hadde studert edderkoppen, kunne ho bekrefta at dette var ein heilt ny art som ikkje var blitt oppdaga tidlegare.

Den skremmande edderkoppen har no fått namnet «Pine Rockland Trapdoor», sidan den vart oppdaga i ein Pine Rockland-skog i nærleiken av dyreparken. Dette er ein type skog som finnast i Sør-Florida og Florida Keys.