Alle dei engelske klubbane trekkjer seg frå Superligaen

Manchester City, Chelsea, Manchester United, Arsenal, Liverpool og Tottenham har alle trukke seg frå det nyoppretta Superliga-samarbeidet.

Den nye ligaen har allereie møtt massiv motstand frå fotballfans over heile verda. Seint tysdag kveld gjekk den fullstendig i oppløysing, då alle dei seks klubbane på fotballøya meldte at dei ville trekkja seg frå turneringa, skriv TV 2.

Chelsea var siste lag ut, då dei offentleggjorde avgjerdsla på heimesidene sine i natt.

– Som meldt tidlegare i kveld kan Chelsea bekrefta at me har starta prosessen med å trekkja oss frå gruppa som planleggjer ein europeisk Superliga, skriv dei.

Les også: 12 toppklubbar går saman og dannar «Superligaen»

Massive demonstrasjonar

Avgjerdsla vart offentleggjort etter Chelsea-supportarane tok til gatene for å tvinga klubben sin til å trekkja seg. Demonstrasjonane førte mellom anna til at spelarbussen til London-laget vart forhindra til å ta seg fram til treningsanlegget.

Forslaget om Superligaen har møtt stor misnøye blant fleire supportarar. Leiaren av Manchester United Supporter Club Scandinavia, Bernt Hjørnevik, seier til TV 2 at supportarane ikkje vart tatt med i prosessen.

– Det er tydeleg at supportarane har vunne fram med den massive kritikken. Og ikkje minst at rivaliserande klubbar står saman mot heile prosjektet, seier han.

Forsvarar turneringen

Like etter at dei seks laga trakk seg, kom Superligaen med ei uttaling, der dei tok turneringa i forsvar.

– Me føreslår ein ny europeisk turnering fordi det eksisterande systemet ikkje fungerer, innleiar dei.

Vidare skriv dei at turneringa ønskjer å utvikla fotballen, i tillegg til å skapa inntekter og stabilitet for bransjen som har vore hardt ramma av koronapandemien.