12 toppklubbar går saman og dannar «Superligaen» | Framtidajunior.no

12 toppklubbar går saman og dannar «Superligaen»

Manchester United, med Ole Gunnar Solskjær i spissen, er ein av dei 12 klubbane som skal vera med i Superligaen. Foto: Gareth Copley/Pool via AP)
Klubbane som skal vera med i «Superligaen»:

Manchester United Manchester City Liverpool Tottenham Arsenal Chelsea Barcelona Real Madrid Atlético Madrid Inter Milan AC Milan Juventus Det er varsla at tre andre klubbar også vil bli med, slik at talet på klubbar i serien blir 15.

Poenget med ligaen, er å samla dei beste klubbane i Europa til ein eksklusiv liga, skriv NRK.

Annonseringa kom på dei til no 12 toppklubbane sine heimesider, og på ei nyoppretta nettside for turneringa.

– Eit nytt kapittel i europeisk fotball

Klubbane skriv i pressemeldinga at dei ønskjer å betra kvaliteten og intensiteten i europeiske turneringar gjennom ein sesong, og at koronapandemien har gjort økonomien i den europeiske fotballen meir ustabil.

Dei var ikkje nøgd med korleis meistermligaen skal sjå ut dei neste åra, og bestemde seg derfor for å laga sin eigen liga.

– Ved å samla verdas største klubbar og spelarar, vil Superligaen opna eit nytt kapittel i europeisk fotball. Den vil sikra konkurranse og auka økonomisk støtte, seier Jpel Glazer, som er styreleiar i Manchester United og vise-styreleiar i Superligaen.

Slik blir turneringa

  • 20 klubbar skal delta. 15 av dei skal vera faste, medan dei fem siste plassane er kvalifiseringsplassar.
  • Det blir midtvekekampar med alle klubbane. Klubbane skal samtidig som dei er med i Superligaen, også delta i sine nasjonale ligaer.
  • Turneringa startar i august kvart år.
  • Dei 20 laga vert delt i to grupper med ti lag. Dei tre beste laga frå kvar gruppe går til kvartfinale.
  • Laga som blir nummer fire og fem i gruppene, spelar ein playoff om dei siste kvartfinaleplassane.
  • Sluttspelet er best av to kampar, medan finalen som blir spelt i mai, spelast som ein finalekamp.

Kva meiner du?

176 svar

Er du glad i kongehuset?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir