Leni (12) teikna seg til topps

Leni Blank vann i konkurranse med nesten 200 andre bidrag frå heile Noreg.

– Det var ein liten sjans, så det var litt sjokkerande og rart, men òg ganske kult, skriv Leni Blank i ein epost til Framtida Junior.

Teikneseriekonkurransen er eit samarbeid mellom Framtida Junior og Tid for ti ved Foreningen Les og Nynorsksenteret.

Les meir: Lag ein teikneserie og vinn fine premiar! 

Vinnaren i teikneserie-konkurransen. Foto: Privat

Fin hobby

Leni Blank likar veldig godt å teikna.

– Når eg kjedar meg set eg meg berre ned og startar å teikna eller å mala. Teikning er ein veldig fin hobby for meg, seier ho.

– Det eg likar med å teikna er at ein kan vera kreativ. Eg likar å berre la fantasien gå og teikna det eg vil.

Lesing og speling

Vinnarteikneserien handlar om eit av verdas mest populære mobilspel, Among us.

– Eg synest det er gøy å spela. Eg spelar det ofte aleine, men også med vennar, seier ho, og reknar med at ho bruker ein halvtime kvar dag på å spela.

– Det er kjekt med Among us er at ein kan velja mellom fire banar og at det er to forskellige rollar som crewmate og impostor. Det som òg er kult er at man kan velja om ein vil ha éin, to eller tre impostors.

Elles likar ho òg godt å lesa:

– Eg likar godt å lese teikneserien Nordlys, Spilledåsen, Nikoline og Kikkis Krim.

Skryt frå juryen

Leni fekk skryt for teikninga si. Her er tilbakemeldingane frå juryen:

«Serieskaparen har laga ein gjennomarbeidd serie med eit fint visuelt uttrykk og med referansar som unge kan kjenna seg att i. Fargelegginga er gjort på ein måte som skaper interessante teksturar i bileta, og resultatet er eit spanande møte mellom eit digitalt spel og analogt handver.»

Jury: Arild Torvund Olsen frå Nynorsksenteret og teikneserieskapar Ida Eva Neverdahl og redaktør og forfattar Steffen Sørum.

Sterke andreplassar

Hanna Bredvei og Alina Lyssand Oseth delte andreplassen i teikneseriekonkurransen.

Juryen seier dette om Mase-Mamma til Alina Lyssand Oseth (10):

«Mase-mamma er ein hovudperson som både er attkjenneleg og original på same tid. Serien har ein sjarmerande stil med fine fargar og figurar.»

Juryen seier dette om teikneserien til Hanna Bredvei:

«Her har serieskaparen laga ei side med store ambisjonar og mykje detaljar, kan henda inspirert av den nye bylgja med nordisk manga? Det er tydeleg at historia på sida er ein del av ei større forteljing, og juryen fekk lyst til å lesa meir.»