Høyr lyden av Mars

Ein mikrofon på NASA sin Perseverance-rover har for første gong gjort det mogleg å høyra lyden av ein annan planet.

Mikrofonen på roveren Perseverance overlevde nedstigninga til Mars. Dagen etter landing, spelte den inn lyd frå plassen som har fått namnet «Jezero Crater».

No har NASA delt lyden, der støyen frå roveren er fjerna. Høyrer du godt etter, kan du høyra noko som minnar om ein ein bris eller vind.

Her kan du høyra lyden av Mars:

Rolegare lydar på Mars

Lyd er bølgjer av energi. I motsetning til lys treng lydbølgjer noko å reisa gjennom, som mellom anna vatn eller luft.

Lyden startar å vibrera når den går gjennom molekyl som vatn eller luft, og desse vibrasjonane varierer og avgjer korleis lyden til slutt vert oppfatta når den kjem inn i øyra ditt, skriv KidsNews.

I verdsrommet er det ikkje slik lyd som me kjenner frå Jorda. Grunnen er at det der ikkje finnast molekyl som kan vibrera.

Les også: «Perseverance» landa på Mars – sjå dei første bilda

Då trykket i atmosfæren til Mars berre er om lag ein prosent av korleis me har det på Jorda, trudde mange menneske at det ikkje ville vera noko lyd på Mars. Men der tok dei feil!

Lydane på mars vil vera rolegare og ikkje ha moglegheit til å reisa så langt, samanlikna med den same lyden på jorda.