Fritidsaktivitetar for barn med foreldre fødd i andre land

Jenter med foreldre som er fødde i andre land er sjeldnare med på idrett enn jenter som har foreldre som er fødde i Noreg. Denne skilnaden er mykje mindre mellom gutar.

I Noreg er nesten halvparten av alle mellom 12 og 18 år med i eit idrettslag. Sånn er det i Sverige òg. Svenske forskarar har prøvd å finna ut kvifor dette er annleis for mange barn med foreldre som er fødde i andre land.

Spesielt jenter som har foreldre som er fødd i Somalia, Eritrea og Syria er svært sjeldan med på organisert idrett. Både svenske og norske forskarar har funne det same, ifølgje Ung.Forskning.no.

Annleis syn på barneidrett

Foreldra som er fødde i andre land fortel at dei ikkje føler seg så heima i måten idretten er organisert på her i Norden. I Norden har idrettslaga ofte mange planar og måtar å gjera ting på. Det er til dømes nøye planlagt når det skal trenast og kva kampar barn skal delta på.

Idretten treng aktive foreldre. Dei skal køyra barna fram og tilbake til trening, baka kaka til lotteriet til idrettsforeininga og stå i pølsekiosken. Av og til må òg foreldra vera trenarar.

Foreldra som er fødde i utlandet seier til forskarane at dei ikkje er vant med at foreldre skal bruka så mykje tid og pengar på fritidsaktivitetane til barna.

Ville ha barna heime

Det viste seg også at mange av foreldra som var fødde i Somalia, Eritrea og Syria hadde eit anna syn på kva barna deira skulle gjera med fritida si. Når skuledagen er over, vil dei at familien skal samlast heime.

Mange vil helst ikkje at barna skal gå ut på kvelden. Særleg ikkje når det er mørkt og kaldt ute, og særleg gjeld dette døtre. Foreldra fortalte at dei opplever miljøet utanfor bustaden som utrygt. Samtidig svara fleire at dei har problem med å finna tid og moglegheit til å følgja barna til og frå trening.