Lego Ninja er med til Antarktis

Forskar Elin Darelius lagar bilde-seriar frå oppdraget sitt i Antarktis. Med seg om bord på forskarskipet, har ho to nysgjerrige Lego Ninja-figurar.

Ninjago til Antarktis

Forskar Elin Darelius er om bord på den tyske isbrytar-båten «Polarstern», som har tatt seg fram til Antarktis. Saman med kollegaer frå mellom anna Tyskland og Frankrike, skal ho samla inn data frå havet for å studera korleis havstraumane påverkar isen. Forhåpentlegvis skal dei henta heim instrument som har stått ute i det iskalde vatnet og registrert temperaturar og straumar sidan 2017. Ho får god hjelp av Lego Ninjago-figurane til å rapportera ho om det som skjer om bord i skipet.

LES FAKTALUKK FAKTA

– På denne ekspedisjonen jobbar me som er havforskarar med spørsmål som er knytt til korleis havet påverkar, og blir påverka av isbreane, skriv Elin Darelius i ein e-post til Framtida Junior.

I februar reiste ho til Antarktis, så langt sør det går an å koma. Med seg på turen har ho to Ninjago Lego-figurar, som skal hjelpa å fortelja om livet på forskningsskipet.

Darelius fortel at dei er med fordi ho vart inspirert av ein annan forskar.

Dette er nemleg ikkje første gong dei to Ninjago-figurane har vore på tur.

Foto: Elin Darelius

Viser fram opplevingane sine

I 2020 var dei med Petra Langbroek til Grønland, for å forska på isstraumar.

– Eg synest at det er ein artig måte å fortelja om livet om bord på eit forskningskip, og om kva me gjer.

Ninjago-figurane kjem til å visa nokre av opplevingane sine her på Framtida Junior i løpet av påsken.