Lego Ninja rekrutterer selar til forskningsprosjekt

Dei to nysgjerrige lego-figurane får vera med på mykje moro i Antarktis. Sjå korleis det var å tagga selar.

Ninja-figurane har mellom anna vore i korona-karantene, køyrt helikopter, vore i badebassenget og saunaen om bord i skipet og sett massevis av isbrear.

Dei har også fått nærkontakt med selar, då dei hjalp forskarane med å tagga dei.

– Taggane måler salt og temperatur når selane dukkar ned til botnen for å leita etter mat. Når dei kjem opp att på isen for å kvila, vert dataen sendt til oss, seier forskar Elin Darelius.

Kuttar av eit vêrhår

Lego Ninja-figurane fekk også ta prøvar frå vêrhåra til selane.

– Vêrhåra til selane veks heile tida. Ved å analysera dei, kan me sjå korleis mat selane et, og om det endrar seg over tid.

Her kan du sjå korleis prosjektet med selane gjekk føre seg: 

Ninjago-figurane kjem til å visa nokre av opplevingane sine her på Framtida Junior i løpet av påsken.