Dette er dei nye nasjonale tiltaka

For å hindra at smitten skal spre seg til område med lite smitte, innfører regjeringa strengare nasjonale tiltak. Dei nye tiltaka gjeld frå midnatt, natt til torsdag.

Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du òg lesa om alt du treng å vita om munnbind og om at rekordmange jenter har søkt på gutedominerte utdanningsprogram etter ungdomsskulen!

På pressekonferansen tysdag la regjeringa fram nye nasjonale tiltak. Desse vil tre i kraft frå midnatt, natt til 25. mars og skal gjelde inntil vidare.

Dei nye tiltaka gjeld i tillegg til dei strenge regionale og lokale tiltaka.

Dette er dei nye nasjonale tiltaka:

Nye tilrådingar:

Dette er tilrådingar, så desse bør du følgje.

Sosial kontakt:

  • Éin-meteren vert til to-meteren. Dei som du til no har halde minst éin meters avstand til, må du no halde minst to meters avstand til.
  • Regjeringa tilrår maks to gjester på besøk. (Dette bør helst vere personar du har kontakt med over tid.)
  • Om du kjem frå eit område med høgt smittenivå, bør du verken reise på overnattingsbesøk eller ha overnattingsbesøk. Dei som bur åleine og barn og unge under 20 år kan ha overnattingsbesøk av éin til to faste venner.
  • Du bør avgrense sosiale kontater mest mogeleg.

Munnbind:

  • Regjeringa tilrår bruk av munnbind på alle stadar der ein ikkje kan halde to meters avstand.
  • Yngre born, som går på barneskulen og i barnehagen, er ikkje anbefalt å bruka munnbind.

Reiser:

  • Regjeringa tilrår at alle reiser som ikkje er nødvendige vert utsette med desse unntaka:
    • Reiser til arbeid når det ikkje er mogeleg med heimekontor.
    • Reiser heim til familien for studentar utan familie der dei studerer.
    • Reiser til hytta saman med eigen husstand.

Undervisning:

  • Ungdommskular og vidaregåande skular i Oslo, har heimeskule fram til påske. 5. – 7. trinn i bydelane med høgst smitte, skal også ha heimeskule.
  • Resten av landet skal ha gult nivå, med mindre dei lokale smittetilfella er av så stor grad at det må vera raudt nivå.

Nye reglar:

Dette er reglar, så desse må du følgje.

Idrett og trening:

  • Born og unge under 20 år kan delta i fritidsaktiviteter som normalt. Men det er anbefalt å halda ein meters avstand til andre.
  • Born og unge kan delta i idrettsarrangement som samlar deltakarar frå same kommune. Innandørs kan det vera opp til 50 personar på eit slikt arrangement.
  • Born og unge under 20 år som driv med idrettar der ein ikkje har nærkontakt, som mellom anna ski, kan delta i idrettsarrangement utandørs som samlar deltakarar frå same idrettskrets eller region.
  • Det vert forbode med innandørs organiserte idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne, med unntak for profesjonelle toppidrettsutøvarar.
  • Treningssenter skal halde stengt, men visse tilbod kan vera opne.
  • Symjehallar, badeland, hotellbasseng og liknande skal halde stengt, men følgjande tilbod kan mellom anna vere opent:
    • Skulesymjing, organisert symjekurs og organisert symjetrening for personar under 20 år og symjing for profesjonelle toppidrettsutøvarar.

Reiser:

  • Personar som kjem attende til Noreg etter unødvendige reiser må vere på karantenehotell i heile karantenetida. (Dette trer i kraft midnatt, natt til måndag 29. mars)

Underhaldning og arragement:

  • Trivselsparkar, bingohallar og liknande underhaldningstilbod vert stengde.
  • Regjeringa tilrår at alle planlagde arrangement vert avlyste. Om ikkje arrangement kan verte utsette, så gjeld desse reglane:
    • Innandørs er det tillate med 20 personar på arrangement med faste, tilviste sitteplassar.
    • Innandørs er det tillate med 50 personar på idrettsarrangement for personar under 20 år som tilhøyrer idrettslag i same kommune.
    • Utandørs er det tillate med berre 50 personar på arrangement.
    • Det vert tillate med 50 personar i gravferder og bisetjingar når faste, tilviste plassar vert nytta.

Ei ny vurdering skal gjerast innan 12. april.