3 om ekle ting

Me spurte born i Noreg om kva dei meiner er det eklaste som finnast.

Foto: Vilde Ness

Brede Orrestad, 9 år

Går på Trudvang skule i Sogndal.

– Det eklaste eg veit, er tjukke larvar, slike som lever i gamle tre. Dei er veldig tjukke og slimete. Æsj!

 

Foto: Vilde Ness

Liv Husabø Vatlestad, 9 år

Går på Trudvang skule i Sogndal.

– Eg tykkjer sushi er det eklaste som finnast.

– Det ser ekkelt ut. Eg har smakt det, men det var ikkje noko godt. Fisk smakar ikkje så godt.

 

Foto: Vilde Ness

Ella Høgi Nes, 9 år

Går på Trudvang skule i Sogndal.

– Det eklaste eg veit er edderkoppar. Eg tør ikkje røre dei ein gong. Uansett kor stor eller liten han er. Eg tykkjer edderkoppar ser skikkeleg ekle ut med lange, tynne bein.

 

Les også: Alexander har skrive bok om dei eklaste tinga han veit