Kunst kan ha vore nøkkelen til at forfedrene våre overlevde

Norske forskarar har funne ut at den første kulturelle revolusjonen kan ha skjedd for 70.000 år sidan.

Arkeologiske nye funn frå ei spesiell hole i Sør-Afrika, viser at det kan ha vore ein kulturell revolusjon for 70.000 år sidan, skriv NRK.

Hola heiter Blombos, og har fungert som bustad for menneske langt tilbake i tid. Derfor vert den rekna som eit skattekammer for arkeologane.

Brukar mikroskop

No har norske forskarar utvikla ein heilt ny måte for å analysera minner frå fortida på.

Dei har undersøkt dei mange sandlaga i hola, og meiner at det er der løyndomen ligg. Mellom anna har dei funne teikningar og smykker.

Forskarane meiner funnet seier noko om korleis menneska kommuniserte på den tida, og at smykke og kunst kanskje var nøkkel til at dei overlevde i vanskelege tider.