Operasongarar hjelper korona-smitta med å pusta

Operasongarar i England har funne eit nytt føremål med song-ekspertisen sin – no hjelper dei pasientar som er smitta med korona å læra å pusta att.

Den engelske nasjonaloperaen og eit sjukehus i London, har gått saman for å utvikla eit seks-vekers program med vokaltrening. Dette skal hjelpa hardt råka Korona-pasientar å pusta som normalt att, skriv New York Times.

Klassane går føre seg via Zoom, og inkluderer alt frå pustekontroll til pusteøvingar og vokaløvingar.

Deltakarane får også ressursar på nettet, som inkluderer nedlastbare notar, oppdateringsvideoar og Spotify-spelelister som skal vera avslappande.

Bra for både pasientar og operaen

– Opera handlar om pusten. Det er vår ekspertise, sa Jenny Mollica, som driv programmet til den engelske nasjonale opera.

Tiltaket er ikkje berre bra for Korona-pasientane. Det hjelper også operaen. Kulturorganisasjonar er spesielt ramma av pandemien, og nokre songarar har ikkje opptredd på nesten eit år.

Betrar lungekapasitet og angst

Målet med prosjektet er å læra deltakarane til å få mest mogleg ut av lungekapasiteten sin, etter at Korona-viruset har svekka den.

I tillegg til dette jobbar dei med å pusta roleg og handtera angst – noko som er eit problem for mange som er hardt ramma av etterverknader frå viruset.

Programmet er også ein stad der deltakarane kan får snakka med nye folk, kopla av og dela historiane sine.