Trump hinta om at han kan stilla igjen

Utan å seia det rett ut, hinta Donald Trump om at han kan komma til å stilla som president igjen i den fyrste talen sin som ekspresident.

– Kven veit? Kanskje eg bestemmer meg for å slå dei ein tredje gong, sa Trump med tilvisning til Demokratane i ein tale til entusiastiske tilhengarar.

– Som de veit, dei tapte faktisk valet, sa han.

LES MEIR: Donald Trump stengt ute frå sosiale medium

Trump repeterte fleire gongar at det var han som vann valet i USA i fjor, men det er tilbakevist av både rettsvesenet, republikanske valgansvarlige og hans eigen administrasjon, skriv NRK.

LES MEIR: Marte (9) teikna Donald Trump i fritt fall