Hollywood-film skal spelast inn i Noreg | Framtidajunior.no

Hollywood-film skal spelast inn i Noreg

Foto: Pixabay

Den åttande «Mission Impossible»-filmen som har fått namnet «Scorpio», skal spelast inn i Noreg. Den får 68 millionar i støtte frå Norsk filminstitutt, skriv NRK.

– Me ser at Noreg er blitt ein svært attraktivt stad å produsera film og dramaseriar, noko som betyr at norske filmarbeidarar og filmbransjen har høg kvalitet, seier Kjersti Moi ei pressemelding.

Ho er er direktør i Norsk filminstitutt.

Skal fremja norsk kultur, historie og natur

Pengestøtta skal brukast til å «bidra til å auka mengda på internasjonale film- og serieproduksjonar i Noreg for å fremja norsk kultur, historie og natur», skriv Norsk filminstitutt på nettstaden sin.

«Scorpio» handlar om ei gruppa agentar som er tilsett i ei hemmeleg organisasjon, som vert kalla Impossible Missions Force.

Tom Cruise har hovudrolla som agent Ethan Hunt.

Kva meiner du?

28 svar

Bør barn og ungdom få stemma før dei fyller 18 år?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir