Dina har laga ei verd av magiske dyr

Ideen til «Snøkattprisen» kom etter at kjærasten hennar såg ein katt i snøen. No debuterar Dina Norlund med sin første teikneserieroman om å vera modig.

Dina og Syv: Dina Norlund har teikna og skrive «Snøkattprinsen». Her er ho saman med hovudpersonen i boka, Syv.

– Det er veldig rart, men også veldig kult. Tanken på at boka mi skal vera i butikkar er så spennande, seier Dina Norlund.

Ho fortel at ho har laga bøker før, men at dette er første gong ho får hjelp frå eit forlag. Ideen til boka fekk ho frå kjærasten sin.

– Han såg ein katt i snøen for tre år sidan, og sa at den såg ut som ein snøkattprins, seier ho og fortsetter:

– Eg låste meg heilt fast i det, og tenkte at det høyrdest ut som noko som kunne bli til ein teikneserieroman.

Og slik vart det.

Reiser til ei magisk verd

I boka reiser me til ei magisk verd, der snøkattane bur.

Bok for born: «Snøkattprinsen» er ei fantasy-teikneseriebok for born mellom 9 og 12 år.

Ein av dei heiter Syv. Han er den minste snøkattprisen i ein stor søskenflokk, og då pappaen deira døyr, startar han og brødrene å krangla om kven som skal ta over trona.

Norlund, som fortel at det er teikning ho likar best, fortel at favorittkarakteren hennar heiter Kit.

– Eg er veldig glad i ho, i alle ansiktsuttrykka hennar og at ho er så tullete.

Det som er litt spesielt med Kit, er at ho snakkar nynorsk.

Fleire karakterar som snakkar nynorsk

– Det er eigentleg fordi ho bur så langt frå dei andre. Kit og revane bur to blånar frå snøkattane, så det gav meining å gi dei forskjellig språk. Eg håpar dei som les boka likar det, seier Norlund.

Forfattaren fortel at boka hennar vil passe for dei fleste born, men spesielt for dei som er interessert i tre ting.

– Eg håpar at alle born som likar teikneseriar, magi og kattar vil lika «Snøkattprinsen».

Designer: Dina Norlund er utdanna til noko som heiter «Concept designer». Med denne utdanninga kan ein mellom anna teikna dataspel og animerte filmar.