MITT HÅP FOR 2021: Generalsekretær Ada Sofie Austegard

Ada Sofie Austegard, generalsekretær i Stine Sofies Stiftelse, fortel kva som er hennar håp for år 2021.

Kva er håpet ditt for 2021?

– Håpet mitt for 2021 er at alle barn skal ha ein barndom utan vald og overgrep. Eg veit at barn som opplever vald eller overgrep av sine næraste, eller andre, har det vondt. Alle barn skal ha det trygt og godt. Barn og unge skal bli passa på, heilt til dei sjølv er vaksne.

Korleis vil du bidra til at dette målet blir nådd?

– Eg skal arbeida hardt kvar dag for dette. I Stine Sofies Stiftelse snakkar vi med barn om kva som er lov og ikkje lov med tanke på eigen kropp, vi lærer vaksne korleis dei kan hjelpa barn, og vi påverkar politikken for å styrka rettane til valdsutsette barn, pårørande og etterlatte. I 2016 opna vi verdas første kurs- og meistringssenter for valdsutsette barn.

Denne veka har vi håp som tema i Framtida Junior! Kva dag kan du lese om ulike menneske sitt håp for år 2021.