MITT HÅP FOR 2021: TikTokar Silje Sirnes Winje

Silje Sirnes Winje fortel kva som er hennar håp for 2021.

Kva er håpet ditt for 2021?

– Som store delar av befolkninga i verda er det største håpet mitt for 2021 at vi skal få koronasituasjonen under kontroll. Eg håper òg koronakrisa har lært oss noko om solidaritet slik at vi vil oppleva eit 2021 der vi er endå rausare med dei som slit andre stader enn i Noreg. 

– Eg lengtar etter familie, venner, kollegaer og KLEMMAR!! Eg lengtar òg etter eit rausare samfunn der vi hjelper fleire menneske i naud, og der vi opnar opp for fleire barn og vaksne på flukt frå krig og elende.

Korleis vil du bidra til at dette målet blir nådd?

– Akkurat no handlar det om å halda avstand fordi eg så inderleg ønsker å vera nær. Og medan vi ventar på lysare dagar prøver eg som mange andre å vera nær på andre måtar gjennom ulike digitale medium. 

Denne veka har vi håp som tema i Framtida Junior! Kva dag kan du lese om ulike menneske sitt håp for år 2021.