Ny dataspel-rekord

Mange fekk opp augo for dataspel då korona-pandemien braut ut. Stream, verdas største plattform for dataspel, offentleggjorde nyleg tala frå 2020.

Tala viste at me aldri før har brukt meir tid i den virtuelle verda, skriv tek.no.

Totalt vart det brukt 31,1 milliardar timar på Stream-plattforma i 2020, noko som er ei auke på litt over 50 prosent mot tala i 2019.

Den ekstreme auken kjem også at at fleire vart bitne av spelbasillen og oppdaga nye spel.

Konkurrentane er ikkje medrekna

Berre på Stream-plattforma, nådde dei nemleg rekordhøge 120 millionar aktive spelarar kvar einaste månad. På det høgste var nesten 25 millionar av desse oppslukte i det same spelet. Det er mange menneske, det!

Samtidig som statistikken gir oss eit bilde på korleis interessa for spel eksploderte i 2020, er det viktig å hugsa på at konsollar som Nintendo Switch, PlayStation og Xbox, er haldne utanfor.

Det same er tala for populære spel som Fortnite, sidan det høyrer heime på den konkurrerande Epic-plattforma.