MITT HÅP FOR 2021: Barneombod Inga Bejer Engh

Barneombod Inga Bejer Engh fortel kva som er hennar håp for 2021

Kva er håpet ditt for 2021?

– Håpet mitt for 2021 er at barn og unge som har det vanskeleg enten heime eller på skulen, snakkar med vaksne dei stoler på og ber om hjelp. Dei kan snakka med foreldra dine, ein lærar eller kontakta ei hjelpeteneste som til dømes Alarmtelefonen for barn og unge på 116 111.

– Det er viktig å få hjelp viss du har det vanskeleg. Det gjeld både for vaksne og for barn. Men for barn er det ekstra viktig. Barn skal bruka barndommen sin på å læra, leika og ha det fint. Viss kvardagen er fylt av store problem, så kan det vera vanskeleg å få det til.

Korleis vil du bidra til å nå dette målet?

– Barneombodet jobbar for at barn skal ha ein trygg og god oppvekst både på skulen og heime. I 2021 skal vi mellom anna jobba for at barn og unge skal få betre tilgang til ei god digitale hjelpeteneste som kan gi råd og hjelp til barn som av ulike grunnar treng det. Å få til ei slik teneste som vi meiner er bra, kan ta tid. Vi håpar derfor at dei som bestemmer i Noreg lyttar til forslaga våre, og at ei slik teneste kan bli ei verkelegheit om eitt år eller to.

Denne veka har vi håp som tema i Framtida Junior! Kva dag kan du lese om ulike menneske sitt håp for år 2021.