Klønete barn hadde like god kondis som andre

Før trudde ikkje forskarane at klønete barn hadde like god kondis som andre. Men no har forskarar testa finske barn frå sju til elleve år.

Nokon verkar gode i alt. Dei tar salto på trampoline og slår seg aldri når dei går på skøyter. Før trudde forskarar at slike barn òg hadde betre kondis enn andre. At dei kunne springa og sykla lenger utan å bli slitne, enn barn som er meir klønete, skriv Ung.Forskning.no.

Men det stemmer ikkje, meiner forskarar frå Finland. Dei fekk med seg 332 barn frå 7–11 år i forskinga si. Klønete barn kan vera i like god form som andre, viste forskinga.

God motorikk

Men korleis testar forskarar eigentleg om barn er klønete? Ung-Forskning.no har spurt Sigmund A. Anderssen som er professor på Noregs idrettshøgskule. Han forskar òg på barn i Noreg.

Egentlig pleier ikkje forskarar å bruka ordet klønete. Forskarane bruker ordet motorikk. Nokre barn får god motorikk veldig tidleg – dei klarer å styra kroppen til nesten alt dei vil. Andre blir mindre klønete etter kvart.

Testar på fleire måtar

Forskarar kan testa motorikken til barn på fleire måtar.

– Det kan vera å kasta ball for å treffa noko, eller ta imot ein ball med éin og to hender, seier Anderssen.

Det kan òg vera balanseøvingar, som å hinka, til dømes.

– Det kan vera å bygga ting i snøen, hoppa i snøhaugar eller aka. Leiking gjer at barn lærer å gjera endå fleire ting med kroppen, seier han.

Glad i idrett

Viss du føler deg klønete i sport no, kan du faktisk bli kjempegod etter kvart. Dei fleste toppidrettsutøvarane som er best no, var ikkje best då dei var 14–15 år.

– Men dei har ofte vore veldig glad i idretten sin, og derfor har dei vorte gode, seier Anderssen.