Koronaviruset kan bli ein endemi

Verdshelseorganisasjonen (WHO) åtvarar om at koronaviruset kan bli ein endemi.

Ein endemi er ein sjukdom som kjem attende med jamne mellomrom. Eit eksempel på dette er mellom anna vasskoppar eller vanleg influensa.

– Det er sannsynleg at viruset vil bli eit endemisk virus, som for alltid kjem til å vera ein trugsel. Men med eit globalt vaksinasjonsprogram, kan trugselen haldast på eit lågt nivå, seier Mike Ryan i WHO til TV 2.

Han trur ikkje at koronaviruset vil bli hugsa som «det viruset», sjølv om situasjonen me står i no har gjort at heile verda er påverka.

Ein oppvekkjar

Ryan seier at koronaviruset har ein relativt låg dødsrate i forhald til andre pandemiar som har vore før.

Han meiner at me bør sjå på det som ein oppvekkjar.

– Koronaviruset har vist ar verda er skjør. Om det er éin ting me bør ta med oss frå denne pandemien, så er det at me bør førebu oss på noko større.