Tankar om ein koronafri kvardag

Me spurte tre unge kva dei gler seg aller mest til når koronaen ikkje finnast meir.

Foto: privat

Anne England Husum, 13 år, Leikanger:

Kva gler du deg aller mest til når koronaen ikkje finnast meir?

– Eg gler meg til å kunne trena og spela fotball som vanleg att! Det har vore lite sone- og kretssamlingar, og akademi på tvers av klubbane på grunn av koronaen. Eg gler meg også til å kunne reise til varmare strøk att.

Kva har du sakna mest det siste året?

– Fridomen til å gjera det eg vil! Å kunne reise på tur når og kor eg vil, og trena/spela kampar i tillegg til å vera på cupar.

Hva håp har du for 2021?

– Eg håpar me får kontroll på koronaen slik at me kan gjera det me vil!

Foto: Marte Husabø

Even Gjerde, 13 år, Leikanger:

Kva gler du deg aller mest til når koronaen ikkje finnast meir?

– Eg gler meg til å reisa til Sverige, eg og familien min pleier å reisa dit på ferie om sommaren.

Kva har du sakna mest det siste året?

– Eg har eigentleg ikkje sakna så mykje, sidan det har vore lite smitte der eg bur. Det var litt skremmande i mars, men no er det blitt meir vanleg.

Hva håp har du for 2021?

– At koronaen blir ferdig.

Foto: Marte Husabø

Erlend Valvik Menes, 13 år, Leikanger:

Kva gler du deg aller mest til når koronaen ikkje finnast meir?

– Eg gler meg mest til at alt skal bli som normalt att. At me slepp antibac og å halda ein meters avstand. Eg gler meg til at me kan reisa på trening og slikt som normalt.

Kva har du sakna mest det siste året?

– Det som har vore mest seigt er at me ikkje kunne reisa. Eg og familien min skulle egentleg til Spania forrige sommar, men det gjekk ikkje.

Hva håp har du for 2021?

– Eg håpar at det skal bli ferdig, slik at me kan reisa og treffa folk slik som før.