Har du prøvd ein slik nokon gong?

Dette er ein spark. Frå tidleg 1900-talet var dette eit framkomstmiddel som blei nytta om vintrane her i Noreg. Eigentleg kjem sparken frå Nord-Sverige.

Før kunne ein sjå skuleplassen vere fylt opp av sparkar om vinteren. Dei stod parkert der syklane står elles i året. Men slik er det ikkje lenger. Iallfall ikkje på same måte.

Kvifor er sparken “vekke”?

Mykje har nok med klima å gjere. Milde vintrar har ført til at det ikkje har kome nok snø og is som har vorte liggande lenge nok på vegane. Dette trengs fordi sparken har meiar av stål.

Ein annan ting er at det blir strøyd grus på vegane for å hindre at vi ramlar og slår oss. Nokon plassar blir det nytta salt også for å få snø og is til  å smelte.

Unngå friksjon

For at sparken skal kunne ha godt driv må ein unngå friksjon. Det vil seie at meiane glir lett på snøen eller isen. Utan at spor av grus eller asfalt stoppar opp.

Har du prøvd å sparke?

Har du prøvd å sparke?

Ja68
Nei101
Veit ikkje10
Svar totalt: 179