Regjeringa med nye råd: Berre lov med besøk frå eigen kohort

Synest du det er vanskeleg å vita kva som er lov og ikkje er lov? Her er dei nye anbefalingane regjeringa har innført no.

– Me er urolege for utviklinga i smittetala, sa Erna Solberg då ho talte til alle i Noreg på søndag.

Derfor er det no innført ei rekkje nye tiltak, for å få talet på korona-smitta menneske i Noreg til å gå ned.

Anbefalingar i heile Noreg

Sosial kontakt

  • Unngå å ha besøk heima fram til 18. januar. Born i barnehagar og på barneskular kan ha besøk frå sin eigen kohort, men ikkje frå andre born eller vaksne.
  • Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar som vert arrangert inne, bør utsetjast til 18. januar.
    Det same gjelder for aktivitetar som samlar born og unge på tvers av klassar eller kohortar.

Reiser

  • Du bør unngå å reisa både til utlandet og i rundt om i Noreg. Det er lov å reisa på hytta, men då må du vera saman med familien din som du bur med.

Skular og utdanning

  • Alle undervisning og arrangement ved universitet, høgskular og fagskular vert digitale fram til 18. januar.
  • Alle vidaregåande skular og ungdomsskular får raudt nivå. Det betyr at det blir strengare med handvask og avstand, og mellom anna at det blir mindre kohortar. Det kan også bli heimeskule.
  • Barneskular og barnehagar held fram som før, sidan regjeringa har bestemt at born og unge skal skånast i så stor grad som mogleg.

Arbeidsplassar

  • Alle som kan, bør ha heimekontor. Derfor er det stor sjanse for at foreldra dine kjem til å jobba frå heimekontor dei komande vekene.

Butikkar

  • Alle kjøpesenter og butikkar bør innføra eit mak antal på personar som får lov å vera inne i butikken samtidig.

Idrett

  • Utandørs aktivitet er mogleg å gjennomføra, så lenge det er mogleg å halda god avstand.
  • Dei som driv med toppidrett, slik som mellom anna landslaget i fotball, har unntak frå desse reglane.

Reglar for heile landet

Private samankomstar og arrangement

  • Maks fem personar kan vera saman utanfor eigen heim. Eit eksempel på det er ein bursdag, der familien din har leigd eit lokale. Om det er fleire enn fem personar i familien din, kan sjølvsagt alle som bur saman møtast.
  • Maks ti personar på innandørs idrettsarrangement, kulturarrangement, seminar, seremoniar, livssynssamlingar og liknande. Om seta er strudd fast i golvet, kan ein vera 200 stykker. Det er også lov å vera 50 stykker i gravferd.
    Det anbefalast uansett å avlysa eller utsetja alle arrangement til etter den 18. januar.

Kjelde: helsenorge.no