VINNARTEKST: Teknologi som kan hjelpe mot plast og søppel i havet

Oskar Sætre (12) vann 2. plassen i skrivekonkurransen til Framtida Junior. Han går på Moster skule.

Oskar Sætre (12) vann 2. plassen i skrivekonkurransen til Framtida Junior. Han går på Moster skule.

I denne teksten har eg valt å opplyse om teknologi som kan hjelpe med å rydde plasten i havet og stoppe plast frå å komme til havet frå elver. Eg har ganske stor interesse for teknologi, så eg har bestemt meg for å dele litt informasjon eg fann om dette.

Mr. trash wheel

Mr. trash wheel er ein maskin som har fjerna plastikk frå hamneområdet ved elver i delstaten Maryland i USA.

Vasstrøyming og solcellepanel driver eit hjul som der igjen driver eit band. Bandet plukkar opp søppel og kastar det i ein container. Når containeren er full så kommer det nokon og hentar søppelet i den.

Den har også nokre liner som skal sørge for at alt plasten ikkje går forbi den.

Foto: Matthew Bellemare, CC BY-SA 2.0-lisens

Les også: Moster skule vann med miljøsaker

Interceptor

Organisasjonen The Ocean Cleanup har laga ein elverensar som kallast Interceptor.

Den skal plasserast der i elva kor det er mest plast. Deretter skal ei line sikre at all plasten går inn i munnen. Litt sånn som Mr. trash wheel.

Interceptor sender dermed ein beskjed til ein lokal bestyrer, som då skal komme og tømme den.

Foto: The Ocean Cleanup

The Ocean Cleanup

The Ocean Cleanup er eit prosjekt som då har blitt lansert av The Ocean Cleanup.

Det er ein flytande tråd på ein måte, som fangar opp plasten frå overflata på sjøen. Den går tre meter djupt slik at den fangar mesteparten av all plasten på overflata.

Det at den berre går tre meter djupt, gjer at fiskane kan symje lett under mens plasten setter seg fast. Den er bøyeleg og går naturlig ut i ei U form. Kamera, kollisjons-sensorar og satellitt-mottakarar er montert på den slik at folk har kontroll over den.

Når den er full sender den beskjed til eit skip som kjem og hentar all plasten. Sidan den ikkje er forankra, flyter den naturleg bort til plassane med mest plast.

Her er ein link til ein video som forklarer litt meir.

Waste shark

Waste shark er ein vassdrone. Den samlar miljø data og eter søppel.

Den veg 39 kg og er 1,5 meter lang. Sensorane på vassdronane kan måla kor djupt det er og andre ting som for eksempel temperatur. Den går på straum, og dermed gir den ikkje ut CO2.

Dronane kan bli satt på ei rute eller fjernstyrt. Ein GPS skrivar ned kor den har køyrt.

Dronen er laga av Ranmarine Technology. Waste shark vassdronar blir prøvd i Dubai, Rotterdam og Cape Town.

Foto: Ran Marine

Kjelder:

https://www.nrk.no/nordland/ny-teknologi-samler-inn-plast-for-det-nar-havet-1.14758804

https://www.tu.no/artikler/fem-teknologi-prosjekter-skal-fjerne-plast-fra-havet-men-fagfolk-tror-oppgaven-er-naer-umulig/444829