Moster skule vann med miljøsaker

7. trinn ved Moster skule på Bømlo fekk både første-, andre-, og tredjeplass i den nasjonale skrivekonkurransen til Framtida Junior.

Marta Vedøy (12) er strålande nøgd med å vinna førsteplassen. Ho vann med teksten «Regnskogen er i fare!».

Marta Vedøy (12) var heime frå skulen då premiane blei delt ut, men er veldig glad for å ha vunne.

– Jorda har brukt over hundre millionar år på å lage regnskogen, men det har tatt mindre enn 70 år for menneska å hogga ned halvparten! skriv ho i vinnarteksten.

Juryen skryt av vinnaren, og seier ho har skrive ein engasjert og veldig bra tekst om å ta vare på regnskogen. Vinnaren har brukt fleire kjelder og viser òg til kva me sjølv kan gjera for å ta vare på regnskogen.

– Eg synest det er så fint i naturen, og vakkert å gå i skogen. Eg har ikkje lyst til at naturen skal bli øydelagt, seier den miljøengasjerte vinnaren på telefon.

– Høgt nivå

– Det var eit høgt nivå i konkurransen, og veldig mange av bidraga vil bli brukte i papiravisa og på nettstaden vår utover vinteren, fortel redaktør Svein Olav B. Langåker.

Denne gongen kom det inn kring 100 bidrag frå heile Noreg.

Oskar Sætre (12) vann 2.plassen med ein spennande artikkel om ulik miljøteknologi for å reinsa havet.

– Eg er veldig interessert i teknologi, og hadde lyst til å skriva om korleis ny teknologi kan hjelpa oss å reinsa havet, fortel han.

Andrea Hallaråker (12) vann 3.plassen med eit intervju med HMS-leiaren ved Bremnes Seashore om miljøarbeidet deira.

Stor satsing på miljøjournalistikk

I haust har Framtida Junior kursa fleire hundre elevar i miljøjournalistikk på Vestlandet, blant anna 7. trinn ved Moster skule.

Framtida Junior har òg gjeve ut ei miljøavis til 12000 elevar, og skrive mykje om klima og miljø for barn over heile Noreg.

– Målet vårt med prosjektet er å bidra til å auka og visa fram miljøengasjementet til barn og unge og bidra med kunnskap til barn og unge om miljøutfordringar og miljøløysingar og korleis dei kan delta og bidra, seier Svein Olav B. Langåker.

Prosjektet er støtta av Vestland fylkeskommune og Bergesenstiftelsen.