Du er invitert til naturfest!

I boka Ville greier har forfattar Ole Mathismoen og illustratør Jenny Jordal laga ein fargesprakande fest for deg som vil vite mest mogleg om naturen.

Fakta: 
  • Ole og Jenny har laga to andre bøker om klima og miljø. Både «Grønne greier» frå 2018 og «Hva er greia med klima?» frå 2019 er svært populær lesnad.
  • Boka «Ville Greier» er publisert av forlaget Vigmostad & Bjørke.
LES FAKTALUKK FAKTA

Ole Mathismoen har skrive om miljø og klima i meir enn 30 år i Aftenposten. Saman med Jenny Jordal, som er illustratør, har han laga fleire bøker om klima og miljø. Sidan våren 2016 har dei laga serien «Grønne greier» i Aftenposten Junior kvar veke. 

– Boka er fyrst og fremst ein naturfest! Vi skriv om det som er dumt med klimaendringar, men også om til dømes gjess som stortrivst med at det blir varmare. Vi forsøkjer å vise barn at det er alvorleg det som skjer, men at det ikkje er for seint, seier han. 

Ingen peikefinger

Ole og Jenny vil at vi skal få meir kjærleik for jordkloden. Og for å få kjærleik til jordkloden, må vi vite mest mogleg om naturen vi har rundt oss, meiner dei. Sjølv elskar Ole å vera ute. 

Foto: Vigmostad & Bjørke

– Eg trur det er medfødd. Då eg var liten var eg svært oppteken av blomar, og etter kvart fuglar i ungdommen. Eg var med i speidaren, og hadde foreldre som tok meg med på tur kvar helg. Etter kvart drog eg ut sjølv. Eg har alltid likt å vera ute, fortel han. 

Ole meiner at familiar ikkje treng å gå på lange turar for å kose seg ute. 

– Ein kan sjølvsagt gå langt, men ein kan også berre gå til ein skog i nærleiken, samle nokre insekt i eit glas med hol i toppen, og gå heim for å studere dei. Men hugs – dei må sleppast ut att ganske snart. Dei er berre til låns, seier han. 

Latter er viktig

I boka finst det utruleg mykje spennande fakta. Cirka 60 prosent av sidene er nye, resten er teikneseriar som har stått på trykk i Aftenposten Junior. 

– Vaksne har ofte bestemt seg for kva dei meiner. Dei kan nok endre på det, men barn tenkjer annleis. Dei kan meine noko ein dag, og noko anna neste dag. Dei er på jakt etter kunnskap, seier Ole som har brukt mest mogleg humor i boka. 

– Når folk ler, opnar dei munnen og då kan vi berre stappe inn kunnskap, ler han. 

Ole håpar at barn og unge kan så mykje om naturen når dei er ferdige med boka, at dei får meir lyst til å passe på han.

Teikneserie: Jenny Jordal / Vigmostad & Bjørke